Handlingsplanen for openheit i forvaltninga skal oppdaterast

I starten av 2024 la regjeringa fram ein handlingsplan for openheit i forvaltninga. Handlingsplanen var utarbeida gjennom ein samskapingsprosess mellom forvaltning og sivilt samfunn. No skal planen oppdaterast, i tråd med føringar frå Open Government Partnership (OGP).

Oppdateringa betyr at vi går gjennom dagens handlingsplan, vurderer kva som har fungert godt, og identifiserer område der vi kan bli betre. Deretter skal vi utarbeide ein ny versjon med konkrete tiltak for dei komande åra.

Arbeidet skal skje i tett samarbeid med interessentforumet – med deltaking både frå forvaltninga og sivilsamfunnet. Vi ønskjer brei involvering og vil invitere interesserte partar til å bidra med innspel og idear.

Prosessen startar på nyåret, og den oppdaterte handlingsplanen skal vere ferdig innan slutten av juni 2026. Meir informasjon om korleis ein kan delta, kjem på nyåret.