Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)inviterer til eit nytt ope møte om arbeidet med å oppdatere regjeringa sin handlingsplan for openheit i forvaltninga (Open Government Partnership – OGP). Målet er å samle konkrete innspel og leggje til rette for felles refleksjon som kan løfte arbeidet vidare.
Samlinga finn stad torsdag 19. mars kl. 12.30–14.30 i A-blokka i det nye regjeringskvartalet.
Meld deg pÃ¥ her: Ã…penhet i forvaltningen / Open Government Partnership – PÃ¥melding 19. mars
Programmet
Statssekretær Anette Davidsen opnar møtet, før to innlegg gir ei oppdatering på status i OGP-arbeidet:
- Noreg si rolle i det internasjonale openheitsarbeidet ved Maria Egeland Thorsnes, DFD
- Slik jobbar vi med oppdateringa av handlingsplanen ved Marie Seland, DFD
Deretter går deltakarane inn i rundebordssamtalar med representantar frå sentrale etatar. Her kan ein både fordjupe seg i eitt tema eller bevege seg mellom borda. Ein bordvert ved kvar stasjon dokumenterer innspela.
Blant tiltaksområda deltakarane kan gi innspel til:
- Antikorrupsjon – Justis- og beredskapsdepartementet
- Offentlege anskaffelsar – DFØ
- Universell utforming og digital inkludering – Digdir
- Arkiv, journalføring og eInnsyn – Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Innsatsområda personvernerklæringar på nett og innsyn i straffesaksdokument kan også diskuterast, sjølv om ansvarlege etatar ikkje deltek i møtet denne gongen.
Oppmoding til alle interesserte
Aktørar frå frivillig sektor, næringslivet, offentleg forvaltning, forskingsmiljø og andre med engasjement for openheit blir oppmoda om å delta. Dette er ei viktig moglegheit til å påverke den vidare retninga for openheitsarbeidet i Noreg – og til å dele erfaringar, stille spørsmål og kome med forslag direkte til dei som forvaltar tiltaka.
Vel møtt!