Noreg har sterke tradisjonar for openheit i forvaltninga og ligg langt framme internasjonalt. Ein ny rapport gir konkrete råd for korleis vi kan vidareutvikle openheitsarbeidet, og peikar på både styrkar og utfordringar i dagens praksis.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har mottatt ein ny rapport som gir råd og perspektiv på korleis openheita i forvaltninga kan styrkast. Rapporten er utarbeidd av Halogen på oppdrag frå departementet, og byggjer på intervju med representantar frå sivilsamfunnet og offentleg sektor.
– I ei tid der demokratiske verdiar blir utfordra i fleire delar av verda, er arbeidet med openheit i forvaltninga viktigare enn nokon gong. Openheit er ein grunnstein i tilliten mellom innbyggjarane og styresmaktene, og ein føresetnad for eit velfungerande demokrati, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Rapporten viser at Noreg ligg langt framme internasjonalt når det gjeld openheit i forvaltninga. Samstundes peikar fleire av dei som er intervjua på utfordringar som kan stå i vegen for vidare utvikling. Dei fortel at openheitsarbeidet ofte blir nedprioritert på grunn av tidspress og manglande insentiv, og at openheit, sjølv om det er viktig for demokratiet, kan bli utfordra av andre omsyn. Nokre informantar trekkjer særleg fram at tryggleiksomsyn oftare enn før fører til at informasjon blir halde unna offentlegheita. I tillegg meiner fleire at rammevilkår i forvaltninga kan stå i vegen for å sikre openheit. Det blir også peika på behovet for fleire møteplassar som kan styrke openheitsarbeidet og bidra til reelle endringar. Trass i at Noreg har mykje på plass, meiner fleire at vi har mykje å hente frå internasjonale erfaringar.
Rapporten blir presentert og diskutert på eit ope møte på DOGA 2. september kl. 09.30–11.00. Meir informasjon og påmelding finn du her.
Noreg har ein lang tradisjon for openheit rundt offentlege avgjerdsprosessar og informasjon. Regjeringa har som mål å sikre at forvaltninga er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga. Som medlem av Open Government Partnership (OGP) er Noreg forplikta til å fremje openheit, deltaking og ansvarlegheit i offentleg sektor gjennom eit tett samarbeid med sivilsamfunnet.
– Vi tek med oss rapportens innhald som eit verdifullt innspel i arbeidet med å styrke openheita i forvaltninga. Vi skal starte oppdateringa av den nasjonale handlingsplanen for openheit i 2026, og rapporten vil vere eit viktig grunnlag i det arbeidet, seier Tung.