Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gjennomført ein midstvegsgjennomgang av handlingsplanen for openheit i forvaltninga, med innspel samla inn gjennom to møte i interessentforumet. Innspela frå forvaltning og sivilsamfunn gir eit viktig grunnlag for å vurdere kva som fungerer godt, og kvar det er behov for justeringar i det vidare arbeidet. Nedanfor følgjer ei oppsummering av innspela som kom i prosessen.
Generelle innspel om openheit i forvaltningen
Openheit handlar ikkje berre om å dele mest mogleg, men om å gjere gode vurderingar av kva som kan delast, korleis det bør delast, og kva omsyn som må vegast mot kvarandre.
Geopolitisk uro, teknologisk utvikling, lovutvikling, økonomi og tryggleik påverkar arbeidet. Fleire peikar på behov for tydelegare rammer for deling og betre vurderingar i møte med nye risikoar.
Det er òg behov for betre samordning og betre oppfølging. Dialog mellom sivilsamfunn og offentleg forvaltning finst, men innspel, rapportar og avgjerder blir ikkje alltid godt nok følgde opp i praksis. Fleire peikar på at det kan bli for mykje snakk om sjølve arbeidet, og for lite reell dialog om gjennomføring.
Det vart òg peikt på at prosessar kan gå både for raskt og for sakte. Endringar gjennom direktiv og føringar kan kome raskt, medan oppfølging og etterleving i praksis kan gå for tregt.
Offentlege anskaffingar og innkjøp
Innspela viser at openheit i offentlege anskaffingar i stor grad handlar om betre data, betre kunngjering og betre bruk av informasjonen som allereie finst.
DFØ har gjort mykje arbeid for å gjere data om offentlege anskaffingar tilgjengelege, mellom anna gjennom Doffin, datasjø, API-ar, nedlastbare filer og statistikk. Samtidig er data om inngåtte kontraktar mangelfulle. Få innkjøparar kunngjer inngåtte kontraktar, sjølv om dette er eit krav der størrelsen på kontrakten er over EØS-terskelverdi. Dette blir ofte forklart med manglande kapasitet og kompetanse, ikkje manglande vilje. Det er i dag lite aktiv oppfølging eller sanksjonering av avvik.
Fleire peikar på at det er behov for å avklare kven som skal bruke opne anskaffingsdata, og til kva. Aktuelle brukarar er mellom anna leverandørar, forskarar, vaktbikkjeorganisasjonar, pressa, intern og ekstern revisjon og forvaltninga sjølv. Ulike aktørar vil bruke dataa på ulike måtar.
Opne data kan bidra til å avdekkje innkjøpsmønster, bindingar mellom innkjøpar og leverandør, risiko for korrupsjon og sosial dumping. Samtidig vart det peikt på at opne data berre gir delar av biletet. I nokre tilfelle kan konkrete innsynsførespurnader gi meir innsikt enn analyse av opne data åleine.
Fleire konkrete behov og tiltak vart trekte fram:
- auke delen kunngjorde kontraktar
- gjere det enklare å kunngjere
- standardisere data som blir delte
- utvikle indikatorar for gode innkjøparar
- kople kunngjeringsdata til modenheitsanalysar
- styrkje kompetanse og kapasitet, særleg i mindre kommunar
- gi betre rettleiing om tryggleikskrav
- stille tryggleik som krav til leverandør
- vurdere korleis eksisterande data kan delast med fleire
- vise fram gode døme og innkjøparar som får det til
Det vart òg peikt på at ny lov om offentlege anskaffingar, nye direktiv og terskelverdiar kan påverke tillit og transparens. Marknadsdialog finst, men dialogen med leverandørar og informasjonsdelinga kan bli betre.
Universell utforming og digital inkludering
Innspela viser at digitalisering må vere eit verkemiddel for tilgang til tenester, ikkje eit mål i seg sjølv. Fleire peikar på at mange framleis fell utanfor digitale tenester, og at offentlege tenester ikkje alltid er tilgjengelege nok.
Det vart vist til utfordringar med universell utforming, låg handheving og digitalt utanforskap. Webdirektivet blir berre delvis handheva, og tilgjengelegheitsdirektivet er forseinka. Det vart òg peikt på at mange offentlege dokument og tenester i praksis kan bli utilgjengelege dersom universell utforming ikkje er ivareteken.
eInnsyn vart trekt fram som eit viktig tema. Mange dokument må bestillast, og det vart reist spørsmål om meir kan liggje ope. Det vart òg peikt på behov for betre rettleiing om klassifisering av dokument, klarspråk og tilgjengelegheit. Eit konkret forslag var automatiske testar av dokument som blir sende inn, slik at verksemdene får tilbakemelding på om dokumenta er lesbare.
Fleire innspel handla om særleg utsette grupper. Det vart peikt på eldre, personar med minoritetsbakgrunn, innsette, personar med rus- eller psykiske helseutfordringar, personar utan BankID eller bustadadresse, svindelutsette og personar utsette for vald i nære relasjonar. Språk, digital representasjon, manglande tillit og manglande tilgang til fysisk hjelp vart òg trekte fram.
Moglege behov og tiltak som vart nemnde:
- samle meir kunnskap om dei reelle problema
- styrkje digital kompetanse
- forenkle offentlege tenester
- sikre betre rettleiing, ikkje berre tilvising vidare
- vurdere innloggingsløysingar som ikkje alltid krev høgaste tryggleiksnivå
- sikre betre informasjon på fleire språk
- merkje utdatert informasjon på framandspråklege nettsider
- styrkje universell utforming i offentlege anskaffingar
- gi betre rettleiing om universell utforming og klarspråk
- involvere sårbare grupper og aktørar som står nær feltet meir direkte
Eit gjennomgåande poeng var at staten må leggje til rette for at folk faktisk kan delta.
Innspela viser at openheit er viktig for å førebyggje og avdekkje korrupsjon. Samtidig blir arbeidet påverka av marknadssituasjon, geopolitisk uro, nasjonal tryggleik og trusselbiletet. Dette gjer avveginga mellom openheit og tryggleik tydelegare.
Det vart peikt på auka merksemd om korrupsjon, interesse frå politikarar og at media bidreg til å avdekkje saker. Den nye nettsida om antikorrupsjon vart vurdert som positiv fordi ho kan gjere informasjon meir tilgjengeleg og vise kven som har ansvar. Det vart òg peikt på at styrking av Økokrim og auka merksemd om miljøkriminalitet er positivt.
Samtidig meinte fleire at openheit om kva som blir gjort på feltet, ikkje åleine løyser utfordringane. Fleire etterlyste ein tydelegare antikorrupsjonsstrategi som kan gi retning og visjon. Det vart òg reist spørsmål om korrupsjon bør forståast smalt eller breitt.
Fleire behov og tiltak vart trekte fram:
- bruke momentumet i antikorrupsjonsarbeidet
- utvikle ein antikorrupsjonsstrategi
- styrkje kompetanse og rolleforståing
- ruste opp varslingskanalar
- styrkje tryggleiken for varslarar
- opne for varsling også frå andre enn tilsette
- oppdatere retningslinjer for lokale varslingsrutinar i staten
- sjå til kva andre land gjer betre
- analysere kvar Noreg skårar svakt internasjonalt
- vurdere habilitetsregister eller lobbyregister
- gi betre tilgang til informasjon om eigarskap, eigedom, aksjar og rekneskap
- løfte fram gode døme
Oslo kommunes offentleggjering av innkjøpslister vart trekt fram som eit godt døme. Det vart òg peikt på at saker kan bli lagde bort sjølv når arbeidsgivar har gjort eit grundig arbeid med å avdekkje korrupsjon. Eit innspel var at kompetente personar kan gå gjennom det som allereie er avdekt, slik at politiet ikkje må starte heilt på nytt.
Fleire peikte på behov for å halde fram diskusjonen om nytt arkivregelverk og samspelet med offentleglova. Geopolitisk og teknologisk utvikling påverkar korleis grunnlaget for innsyn bør ivaretakast. Det vart reist spørsmål om kva prinsipp som skal liggje til grunn for kva innbyggjarane skal kunne få innsyn i.
Lobbyregister vart nemnt som eit døme. Det vart òg peikt på at reglane for innsyn vart utforma i ei rolegare geopolitisk tid, og at det kan vere behov for å tenkje nytt.
Fleire behov og tiltak vart trekte fram:
- utvikle tiltak som ser heilskap
- sjå nærare på kultur for journalføring og arkivering og konsekvensar av manglande arkivhold
- setje i gang kompetansetiltak (arkivlova, offentleglova)
- følgje opp evalueringa av offentleglova
- vurdere tilsynsmyndigheit for offentleglova (innsyn)
- vurdere ulike sider ved krav om identifisering når ein ber om innsyn
- vurdere korleis pliktene etter arkivlova skal bli ivareteken når fleire organ arbeider i eit felles system (til dømes system for livshendingar)
- gi veiledning om og eventuelt evaluere ny regel i arkivregelverket om enkeltpersoner sin rett til be om at opplysningar om dei blir sletta
- sjå nærare på konsekvensar av å innføre eit lobbyregister
Dilemma og avvegingar
Eit gjennomgåande tema er behovet for betre handtering av dilemma. Dei viktigaste avvegingane gjeld openheit mot tryggleik, personvern mot samfunnsvern, regulering mot tillit og effektivitet mot grundig etterleving.
Fleire konkrete dilemma vart nemnde. Deling av leverandørdata kan styrkje kontroll, men kan òg røre ved persontryggleik. Informasjonsdeling mellom etatar, til dømes i a-krim, kan vere nødvendig, men er krevjande. Digital synlegheit og tilgjengeleg kontaktinformasjon kan gi meir openheit, men òg skape tryggleiksutfordringar.
Dilemmaa rører mellom anna ved enkelttilsette, innkjøparar, leverandørar, offentlege styresmakter, a-krimsenter og Datatilsynet. Det vart peikt på at enkelttilsette kan oppleve press og ulikt ansvar.
Fleire etterlyste tydelegare ansvar, betre rettleiing og meir medvit om openheit i daglege val. Det vart òg spelt inn eit mogleg behov for eit «openheitstilsyn» eller ein tydelegare funksjon som kan støtte og følgje opp arbeidet med openheit.