Handlingsplanen for openheit i forvaltninga blir vidareført etter midtvegsgjennomgang

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gjennomført ein midtvegsgjennomgang av Noregs handlingsplan for openheit i forvaltninga 2024–2027. Gjennomgangen viser framdrift på fleire område, og dei sju tiltaka i planen blir førte vidare utan endringar.

Som deltakar i Open Government Partnership (OGP) har Noreg forplikta seg til å utarbeide nasjonale handlingsplanar i samarbeid med sivilsamfunnet. Målet er å utvikle konkrete tiltak som fremjar openheit i forvaltninga. Noreg la i 2024 fram sin femte nasjonale handlingsplan for openheit i forvaltninga 2024–2027.

Vi er no midtvegs i planperioden, og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gått gjennom og vurdert framdrifta i tiltaka i handlingsplanen. Det blei lagt til rette for brei deltaking frå offentlege aktørar, sivilsamfunn, fagmiljø og andre relevante interessentar. Det er vurdert kva som har fungert godt og identifisert område der vi kan bli betre. Prosessen og innspela som kom, er dokumentert og samanstilt i ein kort rapport.

Rapporten finn du her.

Gjennomgangen viser at det er framdrift på fleire av innsatsområda, men det står framleis att arbeid på fleire område. Dei sju tiltaka i handlingsplanen er derfor vidareført utan endringar. Samstundes har det kommen fleire innspel som vil vurderast nærare i det vidare arbeidet med openheit i forvaltninga. Det gjeld mellom anna strategisk arbeid mot antikorrupsjon og openheit om påverknad og kontakt med styresmaktene. Innspela blir tekne vidare i dialogen med relevante offentlege aktørar og sivilsamfunnet.

Midtvegsgjennomgangen har synleggjort verdien av interessentforumet og samskapingsmetodikken. Forumet kan bidra til å samle forvaltning, sivilsamfunn og fagmiljø og leggje til rette for kunnskapsdeling og betre forståing av utfordringar på tvers av sektorar. Som ein open og fleksibel arena gir forumet rom for å løfte fram perspektiv og erfaringar som elles i mindre grad kjem fram i formelle og sektorvise prosessar.

Samstundes er det eit potensial for å knyte interessentforumet tettare til relevante regelverks- og utviklingsprosessar i sektorane. Slik kan interessentforumet fungere som ein arena som koplar sivilsamfunn og forvaltning, og bidra til at innspel blir tekne vidare inn i ordinære prosessar der ansvar og oppfølging ligg. DFD kan i denne samanhengen ha ei aktiv rolle som pådrivar, ved å leggje til rette for kontakt og samarbeid mellom aktørar i sivilsamfunnet og forvaltninga – også på område som ikkje er direkte omfatta av handlingsplanen.