Den italienske regjeringa innbyr til regionalt OGP-møte for Europa i Roma 11. og 12. oktober i år. Til møtet er utsendingar frå både regjeringar og sivilsamfunn velkomne. Formålet med møtet er å støtte opp under arbeidet om meir openheit og å gjere forvaltninga meir lydhøyr for folk sine behov.
Vi kjem attende med meir informasjon om møtet på våre heimesider etter kvart.